Logg inn

Attende til brunehuset.org

Øyvind spør:

Er det påfallande at det tok til å regne i dag, dagen etter at eg stilte spørsmålet om fråverande regn, og du (Geir Ola) la skulda på Gud?
Eg la ikkje skulda på Gud. Eg poengterte at Gud hadde ansvaret, og at nokon hadde gløymt å gje honom notisen om at véret skulle styrast etter dine behov. Eg veit ikkje kva som er skumlast dog, at Gud fekk notisen etter at Brunehuset Forklarar gav merksemd til emnet, eller at heile denne diskursen kan nyttast som bevis for Gud sin eksistens, og derfor utelukkar mogelegheita for at han faktisk eksisterer.