Logg inn

Attende til brunehuset.org

Kjellen spør:

Dersom Side Brok-Runar skal setje saman ein mikstape (som i kassett, i avgrensa opplag) og han er gira på å ha med Volda Rappelaug (som i ein gamal klassikar) etter å ha fått eit forholdsvis uanonymt tips om dets eksistens, vil Rappelauget (som i dei originale medlemmane frå den første, gamle klassikaren) vere interesserte i å vere med? Dette kan nemleg verte ein realitet...
Ja, heilt til det kjem på det reine at medlemane i det gamle originale rappelauget var Side Brok fanboys i starten og leidde den (til dags dato?) største fanklubben deira på nettet, fram til dei vart nekta adgang på sleppfesten til Høge Brelle på Rust fordi samtlege medlemar hadde på seg rosa boblejakke og kvite fluffy øyrevarmarar, og etter dette ramma inne den ubrukte billetten og overlot fanklubben til veslesystra til Skatebård. Då vert kanskje heile samarbeidet litt anstrengt.