Logg inn

Attende til brunehuset.org

Øystein spør:

Når ein høyrer på musikk, hender det at ein legg merke til ein tone eller tre, kanskje ikkje meir enn eit sekund av ein song, som gjer at ein tenker "oi" og berre må smile. Kva er det då som skjer i den menneskelege hjerne?
Dette kan ein lett forklare ved hjelp av litt elementær 2FY og 2BI. Kroppen er som kjent utelukka bygd opp av latinske namn, og særskilt eit spesielt kalla nervus ulnaris er av interesse her. Ved hjelp av resonans trengjer lydbølgjene du refererar til ned og inn i nervesystemet ditt gjennom nervus ulnaris. Desse bølgjene "kitlar" så på dine "kreative" delar av hjerna som gjer at du sitt att med ein "positiv" og lattermild reaksjon.
Eg er overtydd om at det her er snakk om at du ubevisst kjenner att melodisnuttar frå musikken som mor di og far din høyrde på medan du vart unnfanga. Til mitt forsvar kan eg seie at eg personleg alltid har hella meir mot dei pseudopsykologiske forklaringane ein kan verte inspirert til å finne på etter å ha sett europeiske seinsyttitalsfilmar med dunkel belysning.