Logg inn

Attende til brunehuset.org

Mordi e mann spør:

Kvifor er her homoseksuelle? I det spørsmålet meinar eg på jorda.
Mest på grunn av Karl-Maria Kertbeny, sjølv om ein skulle tru at det var ordet "Transseksualitet" akkurat den personen kom på bana med. Utover det reint semantisk-historiske aspektet ved spørsmålet, er vel den mest prekære innfallsvinkelen å spegle spørsmålet attende på deg sjølv. Tenkjer du mykje på homoseksualitet? Har du vitja helsesyster om dette? Ler du nervøst, eller ler du høglydt av humor basert på fordommar mot homoseksualitet til dømes i reklamefilmar? Denne fokuseringa på "kvifor" er nok mest eit uttrykk for undertrykte angstkjensler knytt til all fokuseringa på den vanskelege situasjonen i midt-austen. Ta to Prihyxnol og ring Opplysningen 1880. Evt. vent på Leif Tore si genetiske forklaring, forhåpentlegvis kombinert med biletet av baken og handflata.
Eg ser at du vel å begrense problemstillinga til jorda. Dette er forståeleg då Mass Effect alt har gitt ei nokså grundig innføring i intergalaktisk homoseksualitet.

Det få veit om homoseksualitet på jorda er at det er ein strengt kristen tradisjon. Spesielt no i juletider er det viktig å gi ære der ære rettmessig er å gi. Jesus er eit viktig stikkord her. Var det ikkje han som konstant omgav seg med tolv, eg gjentek, tolv læresveinar? Og vaska dei eller vaska dei ikkje kvarandre, mest sannsynleg sensuelt, etter godt med mat og drikke?

Til og med i adopsjonsproblematikken var Jesus eit føregongsmennesket. Hans mest kjente slagord frå denne striden går slik: Lat dei små barn kome til meg, og hindr dei ikkje!

I rest my case!