Logg inn

Attende til brunehuset.org

Martin spør:

Kvifor har min Playstation2 blitt så slem med meg? Etter eit par dagar med rimelig konstant speling av Final Fantasy IX har eg kommen ca halvveis, faktisk akkurat til det punktet der ein skal skifte disc fra 2 til 3. Men i siste scene før eg skal skifte cd finn min playstation ut at "nok er nok" og nektar å gjennomføre scena så eg kan kose meg med resten av spelet. Som eg ville sagt med min nettslang: Blir serri irri!
Her må det nok litt debugging til, prøv samme savegame/CD i ein annan Playstation og Playstation 2, samt prøve ein annan, tilsvarande CD i din Playstation. At det klikkar på eit bestemt område kvar gong indikerar meir enn noko anna at det er noko gale med CDen, eventuelt kombinasjonen småskada disk og kresen laser. Eg las noko om å gni CD-plata inn med tannkrem, men eg trur eg hadde dobbeltsjekka akkurat det før eg slo til.
Er det rundt der du får med deg Amarant, eller hugsar eg dramatisk feil?
Her skulle eg sjølvsagt kome med ein vittig kommentar angåande kva du kunne gjere med din utdaterte Playstation og diverse kroppsopningar, men kom på at om det er Final Fantasy IX du vil spele så hjelp det lite å oppgradere maskineriet.

Som plaster på såret kan eg oppsummere spelet for deg i stikkordsform: hårklipp, froskelår, auge-til-Sauron-transport og Vivi.