Logg inn

Attende til brunehuset.org

Robert spør:

Kommer Geir til aa returnere til MSN?
Det er vel fleire år sidan eg nytta det i anna enn enkeltsituasjonar, og eg har ikkje høyrt noko om at det plutseleg fungerer mykje betre enn det gjorde tidlegare, så.. det korte svaret er "nei". Hovudproblema eg hadde var: Begrensa mengd tekst i kvar enkelt formidling, treig og utstabil filsending, automatisk sletting(!) av mottekne filer som MSN syntes var skumle, konsekvent aukande grad av bloated "funksjonalitet" som beeps, nudges, schwims, flaps og winks, mykje message spamming, crappy lyd- og bildekvalitet etc. Faktisk er dei einaste to tilgivande punkta til MSN multiplayer Bejeweled samt at "alle" brukar det. Eg håpte i det lengste at Facebook skulle drepe interessen for MSN, og at alle skulle verte lei av eksponeringa på Facebook, og at alle enda opp på IRC att. Tilgi meg om eg ikkje held pusten medan eg ventar.
Gløymde eg å nemne sensurering av meldingar MSN meinte var "farlege"?
Det meir interessante spørsmålet er om han vert fast inventar på eit eventuelt nytt BBS starta av ein eventuell meg.