Logg inn

Attende til brunehuset.org

Ingrid spør:

Korleis har Øyvind det?
Kjenner eg Øyvind rett, så har han det nok fint. Spurt direkte, ville han nok stilt seg litt skeptisk til spørsmålet, sånn for sikkerheits skuld.
Eller mogelegvis hoppa litt til, åpna augo meir enn vanleg, og entusiastisk sagt "Veldig bra! Så fint at du spør!".
Det kjem vel heilt an på om han framleis er like sultefora på medkjensle og sosial anerkjenning som då han budde saman med meg og Leif.
Vi har vel tidvis ei ikkje reint lite påtatt elitistisk haldning.
Så spørs det kva for slags forsvarsmekanisme det er eit uttrykk for.
Det er då pinleg tydeleg at vi er på toppen av ein kvar sosial rangstige.
Kjære innsendar.

Eg forstår at du har sett over vår imponerande portefølje her på Brunehuset forklarar og fått auge på eit innslag som tydelegvis må ha uroa deg sterkt:

Øyvind spør:
Bør eg byrje å spele kornett i janitsjaren på Toneheim?

Lat meg få roe deg ned ved å understrekje at dette var før Øyvind fann ut av at kornett ikkje gav grunnlag for å kle seg i hotpants og helsetrøye. Dette er jo som alle veit dresskoda til xylofonistane. (Hehe, artig ord det der — dresskode, hehe.)