Logg inn

Attende til brunehuset.org

Leif Tore spør:

Kven gav Øyvind godteri?
Preposisjonar er din ven. Vil du vite kven Øyvind gav sitt vonde godteri til? Eller vil du vite kven som gav vondt godteri til Øyvind? Umogeleg å vite!
Sy..? Syyn? "Syntaks"? Aldri høyrt om.
No må du ikkje vere så akkusativ. Har eg utelatt preposisjonen har eg utelatt preposisjonen — ja, det kan virke som om setninga då ikkje vert eintydig, men det er før ein tek i betraktning at eg med vitande vilje lot vere å leggje ved det som kanskje riktigare burde verte kalla for ein postposisjon. Ved å aktivt la vere å ta med denne har eg då inderleg gjort mitt val av semantisk innhald klinkande klart.

Om dette framleis er uklart kan eg neste gong droppe nomena òg. Då tenkjer eg at alt skal falle på plass.
Svaret er sjølvsagt opplagt når ein tenkjer seg.