Logg inn

Attende til brunehuset.org

John Willy spør:

Dette er eit spørsmål som Leif Tore bør svare på då Geir Ola i stor grad er involvert i saka. Som den naturvitaren Leif Tore er kjenner han godt til ulike bølgetypar, alt frå små uskyldige vibrasjonar via daglegdagse elektromagnetiske bølgjer i form av synleg og usynleg lys og til meir skumle gammabølger. Men i dag handlar det om mikrobølger. Fordi eg er oppvaksen i ein god heim på vestlandet har eg ikkje vorte oppfostra med enkle og kjappe løysingar. Å lage mat over bål er OK, men mikrobølgeomnar er litt for "enkelt". Difor har vi aldri hatt mikrobølgeomn i huset vårt. Men for eitt år sidan kom Øyvind heim med ein mikrobølgeomn og plasserte den i kjellaren. For at vi ikkje skulle sjå på han som eit forferdeleg menneske som kjøpte og brukte mikrobølgeomn sa han at mikrobølgeomnen hadde blitt ståande igjen i Brunehuset etter at Geir Ola hadde flytta, og at det var Geir Ola som eigde mikrobølgeomnen. Som dei omsorgsfulle og kjekke foreldra vi er godtok vi forklaringa. Vi rekna vel med at Geir Ola, Andreas, Bjørg eller andre i slekta plutseleg ein dag ville ringe på døra og be om å få tilbake mikrobølgeomnen. Vi har venta i 354 dagar og 21 timar. Og vi er i ferd med å gå i frå forundringsfasen til analysefasen. analyse er ein del av livet, og vi prøver no å analysere kva som eigentleg ligg bak historia om mikrobølgeomnen. ----------------- Så etter denne lange, men naudsynte innleiinga, kjem eneleg spørsmåla til Leif Tore! a) Er dette eigentleg Geir Ola sin mikrobølgeomn, eller er det berre Øyvind som ikkje vil innrømme at han ikkje lenger er ein slow-food kkokk! b) Har Geir Ola så sterke behov for å ha sterke og varige band attende til tida i Brunehuset at han utset Øyvind for belastninga det er at foreldra lurer på om han eignetleg ikkje er ein slow-food kokk lenger. c) Er det heile rett og slett nok eit bevis på at Geir Ola i svært liten grad er ein materialist? ---------- Så eit tilleggsspørsmål. Mikrobølgeomnen var først plasert på ei bod inne i huset. Etter ei rydding der hamna mikrobølgeomnen i garasjen. Der vart den testa til tining av brød, og det virka fint. Den er med andre ord i funksjonsdyktig tilstand. Men i ein garasje er det i større grad enn i eit hus - i alle fall i vår garasje - støv og sagflis. Så siste spørsmål til Leif Tore: d) Viss sagflisa som er i garasjen klarer å kome seg inn i mikrobølgeomnen og blir utsett for mange nok brødtiningar vil også sagflisa bli utsett for mikrobølgene. Viss atoma som sagflisene er oppbygde av har hukommelse, kva vil då skje når desse atoma ein vakker dag byggjer omm ein pitbullterrier. Tenk deg at denne hunden ein dag møter Geir Ola, Øyvind og John Willy - kva vil skje då?
a) Med tanke på at Øyvind i Brunehuset, der utan sitt sårt trengte oppsyn heimanfrå, fritt kunne utforske sine kleptomane sider er det vel like truleg at dette er Simonnes sin magnetron enn nokon andre sin. Dessutan er rå kjøttdeig det einaste eg nokon sinne såg Øyvind ete i Brunehuset. Dette indikerar ein sterk relasjon mellom mikrobølgjer og kjøttdeig. For vidare datainnsamling henvisast det til restematen i frå i går. Korrekt apparaturoppstilling visast på http://3.bp.blogspot.com/_tWwdYD4X8bE/SHcH5hU7euI/AAAAAAAAAi8/SjQEIOpdnZY/s400/cooking%2Bin%2Bmicrowave%2Boven.JPG.

b) Eg trur eg hadde merka det om han på ein eller annen måte, gjerne nettbasert, prøvde å hale ut Brunehus-tilveret ved å openbart utnytte tidlegare hybelkameratar sin naivitet til å gjere arbeidet for seg.

c) Eg slo opp materie i ordboka og fann denne definisjonen: gul væske frå eit betent sår. Eg prøvde vidare å sjå for meg Geir Ola i eit betent sår. Dette resonerte ikkje utan vidare med mitt bilete av Geir Ola, men for all del, eg antek at vi alle, gitt lang nok tid, ender opp som ein eller annen form for gul væske. (Personleg håpar eg å ende opp i eit stort Noregsglass fyllt med ein eller annen preserverande gul væske når eg vert stor, men nok om det.)

d) Dette er slett ikkje noko hårreisande søkt scenario, i motsetning til den gong då du sa alle i klassa hadde ei lysande framtid framfor seg. Det er òg mogleg du aldri sa dette til oss, i så tilfelle, tusen takk for tiltrua då liksom. Men ja, det er openbart at hunden i dette tilfelle, og lat meg sitere meg sjølv korrekt her: "Dette blir vel for mykje av det gode", tenkjer ho før ho spring heim og går på IRC.
Eg bryt allmenn konsensus og svarar likevel.

a) Kven har sagt at mikrobølgeomnen ikkje kan tilhøyre Leif Tore?

b) Eigentleg higar eg berre etter at dette vert krim-mysteriet i neste påskeutgåve av Synste Møre.

c) "Nok eit bevis"? Eg vil sjå mappa mi!

d) Hunden ville sjå dystert på meg og seie "Hvorfor brød du deg ikke?"