Logg inn

Attende til brunehuset.org

John Willy spør:

2 spørsmål: Til Leif Tore. Kan det ha ein samanheng med at rommet (i følgje Einstein og det du veit) er krumma, og at NAO North Atlantic oscillation har vore negativ tidlegare i vinter, og at Geir Ola (som elles er ein usedvanleg påliteleg og kjekk kar) endå ikkje har henta ein gjenstand som sender ut sråling (ikkje radioaktiv) og som av den grunn er plassert i eit rom der det for det meste er betongveggar? Til Geir Ola: Eg har hatt ein lengre samtale (over 20 minutt) med ei kjekk ung dame frå Fiskå som heiter Karen. Er det frykt for å bli utstøytt av familien eller andre grusomme replisalier som gjer at Leif Tore endå ikkje har innvia dei næraste i familien i informasjonen om det fantastiske orakelet forklarar.brunehuset.org? Eller er det berre det gode gamle fenomenet med at det er ikkje alt ein skal fortelje til storesystre? Og eit ekstraspørsmål til Leif Tore: Kva då med Bjørg? Eg berre spør!
Eg kjem ein tur nordover neste veke, så då stjel eg den nok med meg før du veit ordet av det!

Vi har vel strengt tatt aldri fortalt nokon som helst om denne sida. Anar ikkje kvifor enkelte endar opp med å skrive noko her. Sikkert fordi vi er så dobbeltplussuenkle å få tak i at dette endar opp med å verte den mest pålitelege portalen. Nok om det. Her er eit bilete av ein søt oter.
Einaste persontransport eg ser for meg som kan ha forekomme på grunn av vestavinden, men som kan kome til å oscillere framover, må vel vere den i høve Maria Amelie-saka.

Angåande ditt andre spørsmål vil eg påpeike at Brunehuset forklarar er drivne av totalt anonymiserte private personlegheiter og må på lik line med andre superheltar leve eit dobbeltliv som slekt og vener ikkje veit om, for alle sitt beste sjølvsagt.