Attende til framsida
Farleg utdanning
av Leif Tore Rusten
Farleg utdanningDet er allment kjent blant realfagslærarane at antallet på realfagstudentar dei siste åra har sunke kraftig. Det var kanskje derfor, som eit siste desperate forsøk på å halde på elevane, ein fortvilt kjemilærar bestemte seg for å halde klassa si gissel. Augevitne fortel at kjemilæraren, i nærmast villaste, utsette ultimatumet. "No kan ikkje fleire slutte! Då veit eg ikkje kva som vil skje!", og for å vise at han meinte alvor produserte han klorgass for alle og ein kvar å lukte på, som ei åtvaring på kva ein hadde å vente om ein ikkje lydde han. "Det var heilt ok.", seier ein kjemielev vi har vore i kontakt med.
Klorgass, Cl2, er som kjent ein svært giftig gass, som blant anna vart brukt under første verdskrig - "Ja, vi er heldige som har slik ein vellærd lærar", seier ein oppglødd elev, "Eg visste ikkje kor lett det var å lage gift, men no er det ikkje lenger noko mysterie, alt takka vere realfagkompetansa mi", og fortsett så vidare med å anbefale realfaga, deriblant spesielt kjemi, vidare til kommande studentkull.
Vidare kan ein spørje seg kva denne kjemilærarmannen eigentleg er kapabel til, og om kanskje sikkerheita på kjemirommet er undervurdert. I alle høve bør muligens kjemistudentane ta på seg vernebrillene framover, i staden for å la dei ligge att, i ei kasse, utanfor rekkjevidde, på eit mørkeloft.
Kjelder:

http://home.no.net/fmk/periodsys/halogenene.html

Attende til framsida