Attende til framsida
Mario Kart DS
av Leif Tore Rusten
Mario Kart DS vart lansert i Noreg 25. november 2005, og vi fekk vårt eksemplar i posten i løpet av ei helg og nokon vekedagar, derfor er det no klart for speletid.
Mario Kart DS vert det første spelet til DS eg har spele som meir eller mindre ikkje nyttar seg av tafseskjermen interaktivt. Når du speler brukar du d-pad og knappar, medan skjermen viser eit svært informativt kart av bana - faktisk i så stor grad at du lettvindt kan navigere utan problem med dette kartet åleine, lukkeleg uvitande om at den øverste skjermen viser herleg 3dgrafikk. Eg er ganske overbevist om at det er eit beist eg held mellom hendene akkurat no, då den ikkje viser det minste teikn av stress med å rendre - spelet flyt avgarde slik som kvardagsproblema mine gjer når eg speler det.
Spelet nyttar altså ein tradisjonell kontroll, då bilspel styrt berre med stylus muligens ville verte vanskeleg å sleppe unna med. Då spørst det om du har ein god gripeteknikk, i motsetning til meg som rett og slett ikkje klarar spele slik over alt for lange perioder utan å verte låk i hendene. Dette stoppar meg derimot ikkje frå å spele vidare - låke hender er rett og slett verdt det.
Eg kosar meg når eg speler, og smått om sen opparbeidar eg meg kanskje til å verte så god at eg kan hevde meg blant eliten på nettet. Å, visste du ikkje det? Mario Kart DS kan nemmeleg skryte på seg av å vere det første dsspelet som har støtte for multiplayer over internett, det du treng derimot er eit trådlaust nett, og vi i Brunehuset ventar framleis på vår nye trådlause router - så i staden for å skrive korleis eg oppfatta internettmultien, får eg prøve uttrykke kor mykje eg gleder meg til å få prøve det. Det får halde å seie at eg gleder meg mykje.
Spelet så langt har ikkje bydd på store problem, mest utfordring har eg fått på oppdragsdelen av spelet, men eg forventar å møte verkeleg hard motstand i 150ccklassa. Kanskje eg rett og slett er for god - likevel kan dette verke som eit irritasjonsmoment då styrken og ondskapen i våpena ein skaffar seg er justert etter plassering - det vil seie at ligg du først får du garantert dei verste våpena på deg - og det kan ofte verte ei nokså repetativ og kjedeleg oppleving. Dette gjer derimot at spelet er svært balansert - du er på ingen grad ute av medaljestriden sjølv om du ligg på siste plass, men i mine opplevingar hjelp ikkje denne balansen meg like ofte til å vinne når eg ligg bakerst, enn som den gjer at eg taper når eg ligg lengst framme - men kanskje eg rett og slett berre er for dårleg - eg merkar i alle fall at eg lett taper i multiplayer med andre - men eg har aldri før vore slik ein god taper - med slikt eit smil rundt munnen.
Attende til framsida