Attende til framsida
Sladd
av Leif Tore Rusten
Så var det gjort - fantasi er ikkje lenger hipt, no vil ein ha det inn med teskei, og helst heile tida, og med ei skei som vibrerar, vi likar vibrerande ting - spessielt godt likte eg den vibrerande debattleiaren på NRK, men han hadde sjølvsagt ingenting med porno å gjere, sjølvsagt.
Høgsterett må vi vel ansjå for å vere ein gjeng kåte gamle menn no framover - vel, folk flest såg vel kanskje på dei som nettopp det lenge før denne dommen, men dei stadfestar i alle fall det vi alle har vite - nemmeleg at (usladda) porno er korrupt - kvifor trur vel de at Høgsterett kunne kome på å dømme slik, om ikkje det var for den tre timer lange pornofilmen dei måtte sjå på i retten som bevismateriale? Media har i alle høve gjort sitt for å vekke vår avsky mot alt sexuelt - vel, i alle fall har dei ikkje prøvd freiste oss med pornografisk usladda materiale. Så la oss gi media eit tre gongar tre hipp pupp hurra!
Nei, dette er ikkje ei heldig utvikling - om porno faktisk har denne krafta på mennesker, kan vi berre frykte den dagen lobbyistane får nyss om dens korruptive effekt - trur i alle fall eg at Stortinget får det vanskeleg for å la vere svelge andre motbydelege forslag frå store og mellomstore bedrifter.
Kjelder:

http://www.dagbladet.no/kultur/2005/11/29/450702.html

http://www.nrk.no/nyheter/kultur/5301125.html

http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/12/06/451458.html

http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/12/06/451449.html

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=298623

http://www.onlinemagasinet.no/artikkel.php?KatID=1&ArtID=2684 [Red. anm: Artikkel om auke i trafikk for onlinemagasinet på grunn av mediaomtale har vorte fjerna.]

http://www.vg.no/bilderigg/index.hbs?rigg_id=680

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_ostafjells/buskerud/5233881.html [Red. anm: NRK-artikkel finnast ikkje lenger på denne URLen - merkeleg.]

Attende til framsida