Attende til framsida
Kva er www.brunehuset.org?
av Geir Ola Brandal
Kva er www.brunehuset.org?I det siste har tabloidpressa [Eit samleomgrep på norske massemedia, red. anm.] vore svært opptekne av pornografi, videovald, sensur og mangelen på/overfloda av desse tinga. Det er ikkje unaturleg at dette difor også har smitta over på www.brunehuset.org, og våre heiderlege forsøk på ironisering, satire og generelt billige poeng. Eit uttrykk for dette er dei stadige redaksjonelle anmerkingane, som gjev inntrykk av at vi faktisk har ein redaksjonell prosess.

Dette er sjølvsagt ikkje tilfelle.

Faktisk tek vi ikkje eit snev av ansvar for det vi skriv. Det gjer vi med godt samvit sidan ingen strengt tatt les det vi skriv uansett. Det stoppar oss ikkje frå å framstå som ei kollektiv eining, mest av den grunn at det er kjekt å skrive ting i personleg pronomen fleirtal, men også for å (dårleg) skjule at vi berre larvar frå oss lite gjennomtenkt personleg synsing. Spørsmålet er om dette er problematisk, eller totalt irrelevant.

Kjerna i spørsmålet er om innhaldet på www.brunehuset.org er eit uttrykk for haldningane og synspunkta til eit samla brunehus (som uttrykksforma vitterleg gjev inntrykk av), eller om det er eit uttrykk for synspunkta til kvar enkelt skribent (som vert identifisert under overskrifta til kvar sak).

Svaret vert utan tvil det sistnemde. Den misvisande uttrykksforma er i essens berre eit satirisk verkemiddel til å fremje flåsete og billige poeng. Konsekvensen av dette er fylgjande konklusjon:

Les du sakene på www.brunehuset.org er det ditt eige problem.

Vi tek dette til etteretning, og kjem til å halde fram med å leggje ut uinteressante og/eller tåpelege saker.
Kjelder:

http://www.brunehuset.org/artikkel.php?id=16

http://www.brunehuset.org/artikkel.php?id=12

http://www.brunehuset.org/artikkel.php?id=7

Attende til framsida