Attende til framsida
Utsett for svertekampanje
av Leif Tore Rusten
Utsett for svertekampanjePetter Nome, ein kjent politisk motstandar av Irakkrigen, har i lang tid vore uten fast jobb etter at han fekk sparken i NRK på grunn av sitt kjendisfjes. Sidan den tid har NRK bevisst latt vere å intervjue Nome om sitt engasjement på tv, uvisst kvifor. I dag vart det derimot kjent kva planar John. G. Bernander har lagt for å hemne seg - han har nemmeleg tenkt å ansette Nome som programleiar for Frokost-TV.
På spørsmål om kva Bernander har i mot Nome i grunn svarte han stutt at Nome er ein slik person som vert invitert til dei festane Bernander sjølv ikkje vert, og at det er han lut lei, og no skulle han snu kjerringa, hoppe i høyet med hæla i taket og rairai.
Det viser seg at Bernander er mannvond, då han ikkje ser ut til å nøye seg med å berre knuse verdigheita til Nome - han må visst og knuse ryktet, og til den jobben skal Bernander få hjelp frå Elin Tvedt.
Saman vil Bernander og Tvedt utan tvil få Nome ned på sine kne, før dei innhaustar organa hans, krev lisenspengar for alle ikkje-kringkastingskanalar og jobbar vidare for totalt herredømme i kanalen Noreg.
Monarkiet er født, lenge leve kong Bernander og dronning Tvedt. Hipp! Hipp! ...
Kjelder:

http://www.nrk.no/programmer/tv/frokost_tv/5325106.html

Attende til framsida