Attende til framsida
Eit eksklusivt intervju med Hallgeir Rustan
av Geir Ola Brandal
Eit eksklusivt intervju med Hallgeir Rustan"Vi er sjølvsagt klar over at enkelte personar likar å tru at musikk er eit artistisk uttrykk. At det er noko meir enn berre lydar. Enkle lydar sett saman slik at dei enklast mogeleg kan raiast." Hallgeir Rustan tek ein sup frå sin ekstremt vesle kaffikopp.

"Raiast?" spør vi, framleis litt anpustne etter å ha leita etter den korrekte kaffibaren i tre kvarter.

"Ja, det er den nye fagtermen for å setje pris på musikk i sosiale samanhengar. Det er det vi i Stargate Studios fyrst og fremst vil oppnå med vår musikk." Hallgeir prøvar å ta mindre supar av kaffien sin så den ikkje forsvinn med ein gong. "Det er fyrst og fremst det bodskapet eg vil å fram i media med desse magasinet-aktige personlege intervjua. Pressemeldingar har ikkje så mykje tyngde i kulturlandskapet. Magasinet har."

Vi ser på kvarandre eit sekund før vi endeleg får summa oss om grunnen til at vi sit her på ein av dei mange kaffibarane ved namn "Lyx Negro" som ein kan finne ved Karl Johan. Eit fint avbrekk frå den anmasande innspurten i julehandelen. Vi plukkar fram notisblokka og renskar halsen.

"Produsent Hallgeir Rustan i Stargate Studios, du gjev med andre ord uttrykk for at platebransjen i samarbeid med dei mest prestisjetunge studioa har eit overordna mål om å føre musikken i ei ny rås?" Ei ung kvinne kjem bort til oss og spør kva vi vil ha. Vi ber om eit glas vatn kvar og ein croissant, Hallgeir Rustan indikerar at han har nok kaffi.

"Definitivt. Det er på tide å kome bort frå denne LSD- og marihuanautløyste tendensen som oppstod på midten av 60-talet, om at musikken skulle ha djupare innhald og teoretisk litterær kvalitet. Kunst, om du vil." Rustan kikar litt ned på kaffikoppen sin og kremtar.

"Dette var alså eit feilgrep meiner De i dei store selskapa?" Vi får to glas vatn og ein croissant levert til bordet.

"Berre det ironiske namnet "progressiv" musikk er jo ein indikasjon på kva verdi dette har hatt for utviklinga av musikken generelt." Hallgeir smattar litt.

"Er du sikker på at termen "progressiv" er meint ironisk, Rustan?" Vi tek ein sup vatn.

"Ja, ærleg talt. Vi i dei behagelege stolane hadde ikkje fjernaste anelse om korleis vi kunne klare å selge dette, så vi berre laga ein tullete samleterm så vi kunne ha ein plass å legge platene i butikkane. No er tida moden for å legge det bak oss, nesten litt synd, sidan vi endeleg har funne ein effektiv måte å marknadsføre desse artistane med den enklare termen "retro", få folk til å bygge opp eit meir eller mindre reelt kjenslemessig forhold til songane og spele på dette. Kombinert med framspringet av CD-plater har dette hjulpe oss til å selge oppatt dei mest raie-vennlege songane frå tidsromet 1968-1986 så mykje som 6-7 gonger i ulike former." Hallgeir gestikulerar entusiastisk med hendene.

"Men no er jo CD-platene også på veg ut til fordel for meir abstrakte format som mp3-spelarar. Det seier nesten seg sjølv med tanke på kor praktisk det er å ha ei heil cd-samling i ein avspelar som er mindre enn ei øskje fyrstikker. Det er dette dykk no vil møte i døra før det er for seint?"

"Ja, framgongen i teknologien har verkeleg hjulpe oss til å kome attende til den eigentlege essensen av musikk. Ingen er tent med illusjonar om at ei samling av enkeltsongar kan framstå som ei heilheit, et artistisk kunstverk. Dette er eit spørsmål om profitt, enkelt og greit. Sel det, er det bra. No kan vi fokusere på maks antal kroner frå kvar låt, og sleppe dette deprimerande album-konseptet som i seg sjølv legg store restriksjonar på verdien av kvar enkelt låt. Økonomisk sett."

"Så, vil ikkje folk ha musikk lengre?" Vi ser skeptisk på Rustan og tygg på croissanten vår.

"Det er ikkje så mykje snakk om kva dei vil ha som kva vi gjev til dei. Om markedet omsider flyttar seg vekk frå tanken på album er det berre å stimulere denne utviklinga, så får vi musikkindustrien over på rett kjøl att. Fornøgde sluttbrukarar, og minimalt svinn av teoretisk inntekt for vår del."

"Så De meiner dette er vegen å gå for musikken, ingen fordyrande mellomlegg som produksjon av avspelingsmedia og innpakning, og ingen svinn i inntekt ved å selge fleire songar kollektivt?" Vi drikk resten av vatnet vårt.

"Det seier seg sjølv. Du som sluttbrukar kan ha den med over alt, istadenfor å kjøpe ein singel kan du laste den ned kvar som helst via sms. Du har fått songen du ville ha, den som ligg nærast opp til di personlege form for raiing. Dette er berre byrjinga."

"Vi får sjå. Takk for intervjuet. Smakte kaffien?"

"Eg anar faktisk ikkje. Off the record, så har koppen har vore tom frå før dykk kom, eg vil berre ikkje øydelegge mitt urbane image ved å indikere at eg eigentleg tykkjer den er alt for liten til å oppbevare fornuftige mengder drikke, så eg latar som om eg kan få den til å vare verkeleg lenge. Eg har lata som om det er noko i denne koppen i snart ein time. Eg er ganske nøgd med det, faktisk." Hallgeir Rustan smilar og reiser seg saman med oss.
Kjelder:

http://www.nrk.no/musikk/5333620.html

Attende til framsida