Attende til framsida
Sakna! - eit skriv om hjelp
av Leif Tore Rusten
Sakna! - eit skriv om hjelpVarsku her! Har nokon sett søppelet vårt?
Det starta som med alt anna med vinter. Det vart fort kvitt og glatt og uforsvarleg uframkomeleg i Volda, og med tanke på kor livsfarleg det eigentleg føltest å bevege seg i bylandskapet er det kanskje ikkje så rart at ingen la merke til at noko var borte. Kvar har det eigentleg vorte av rusket vårt?
Det brukte å ligge på bakken, men no er det borte. Vi kan ikkje heilt hugse kvar vi sist la det frå oss. Einaste som er att er mange hyggelege minner frå stundar i skiten saman med vener. Kven brukar vel ikkje renne i skiten, lage ruskenglar, søppelborger og skitdukke andre - ofte tek vi oss sjølve i å ete skit, sjølv om vi frå gamalt av fekk høyre at det var usunt - spesielt skulle ein unngå gul skit.
Om nokon kan peike oss i retning all skiten ville vi vore lukkelege - kven veit, kanskje den har funne stad heim til deg og gått i hi der? Ta kontakt om de veit noko som helst om skit, for det vil vi gjerne vite om. Det var alt.

Med venleg helsing

VØRld
Volda og Ørsta Reinhald

[Red. anm: Somme vil nok seie at du har for lite å skrive om.]
Attende til framsida