Attende til framsida
Ein stor misforståelse
av Leif Tore Rusten
Ein stor misforståelseFor kort tid sidan kunne dei leiande tabloidavisene i landet fortelje ei solskinshistorie frå det karikaturråka landet Midt i Smøreosten. Ein nordmann sette då lynsjeklare terroristar på plass ved å lure dei til å tru at han var svensk. Det den leiande tabloide pressa gløymde å fortelje derimot, var dei svært så dystre etterfølgjene dette skulle føre til.

Få dagar etter denne norske maktdemonstrasjonen ovanfor det internasjonale samfunnet kom nemleg ein svenske i fare for å verte omringa av nettopp dei same folka. Uannsett kor klart han enn prøvde å forklare dei; uannsett kor mange Tina Nordström-imitasjonar han tok, nekta dei å tru på ordet hans om at han faktisk var svensk statsborgar.

- Slikt noko fungerar berre ein gong på oss ekstreme islamistar-som-representerer-alle-vestlege-fordommar-mot-den-generaliserte-midtøstiske-rase, skal ein av dei ha sagt, før dei brann svensken opp saman med ein heil del dårleg teikna teikningar diverse muslimske barnetvprogram hadde fått frå barn.

Sverige har sjølvsagt reagerte kraftig på denne hendinga og krevd ei offisiell unnskyldning frå dei arabarstatane som har tillatt barnetvprogram å vise teikningar frå barn under sending. Internasjonalt har derimot støtta bak dei svenske krava lat vente på seg og det kunne sjå ut som om ting skulle ordne seg av seg sjølv.

No nyleg derimot har sverigeskandala eskalert, i det svenske styresmakter har funne fram til at ein nordmann, som til tross for at han gav seg ut for å vere svensk, også vart brent i beste sendetid. Dei muslimske statane dette gjeld går ut og seier at dei ikkje vil unnskylde deira form for yttringsfridom, men rettar no forståelse for dei som føler seg krenka etter å ha måtte sjå dårleg teikna barneteikningar i beste sendetid av barnetv.

Ein dag seinare går Noreg systematisk til verks og drep fire afghanske fredsdemonstrantar. På heimesida til Noreg, NRK.no, skriv forsvarssjefen blant anna om grunnen til aksjonen: [...]Og for Guds skuld, det kan då vel ikkje vere så jævlig vanskeleg det å lære ungane dykkar å halde fargekrittet innanfor streka, er det vel? Herlegheit altså.
Kjelder:

http://www.nrk.no/nyheter/utenriks/5463889.html

Attende til framsida