Attende til framsida
Friheit
av Leif Tore Rusten
FriheitHP sel friheit.

Det er i alle fall det dei seier på ulike nettstadar til bedrifter som tydelegvis finansierar seg sjølv med nettreklame - f.eks. NRK.no. Dei har føretatt analyser som viser at sjølv om friheit kanskje ikkje har vore så attraktivt for folk før, så kan ein tene pengar på å selge det. Folk ynskjer sjølvsagt friheita til å kjøpe utelukkande frå HP eine og åleine, då dei sel deg produkt som gir deg større friheit.

Spesielt er dette snakk om berbare datamaskiner. HP sel nemleg berbare i fleng, då alle har vorte fanga av to gigantiske lyskastarar i form av ei grell flashreklame: meir friheit. Då er det jo sjølvsagt derfor HP samstundes som dei anbefalar Windows XP gir kundane sine moglegheita til å ikkje velge noko anna operativsystem. Tross alt, er ikkje ekte friheit det å få sleppe å ta val?

Meir presist, er ikkje ekte friheit det å ikkje vere nøydd til å vere med på å ta avgjerdsla om det å ikkje få lov til å måtte ta val?

Nyt friheita di, sucker.
Kjelder:

http://www.hp.no/frihet

http://www.linux.org/

Attende til framsida