Attende til framsida
Vil auke jenteprosent
av Leif Tore Rusten
Militæret er som kjent den siste rest av det herleggjorde Colosseum. Dette er openbart då dei minst ein gong i året er nøydde til å vende det døve øyret til kritikk vedrørande deira hensynslause, litt barbariske praksis under øvingar. Militæret let nemleg menige verte drept under øving, berre for å få ein meir naturtru slagmark - og no vil dei drepe kvinner òg.

- Vi prøver berre å gjere det så realistisk som mogleg, seier forsvarssjefen. - Alle veit at krig ikkje er nokon syklubb. Folk døyr i krig veit du, så for å få ein mest mogleg reell trening må vi få inn litt svinn. Like greit i grunn, då får vi fjerna daudkjøttet før vi verkeleg skal til å slakte, for lat oss vere ærlege, desse som ikkje ein gong kan passe på seg sjølv, og då i alle fall ikkje landet sitt, er ikkje verdt å kalle seg nordmenn."

På spørsmålet om ikkje det var uetisk og kriminelt svarte han at krig må vere kriminelt og uetisk for at det skal vere morosamt. "I denne samanhengen har vi altså fått høyre at kvinner og barn også til tider er innvolvert i krig. [Red.anm: Merkeleg greier gidt.] Så som ei prøveordning. Eller, stryk det. Som ei fast ordning vil vi no kalle kvinner inn til sesjon, gjerne tynne, slanke, med store bryst, som er pene å sjå på og som er dumme som eit brød. Helst vil kvinner spesielt utsett for drukningsdød eller som frostskadast lett. Slik vil vi kunne få ein endå meir realistisk krigssituasjon. Om dette prosjektet er vellukka (noko vi skal sørge for) vil vi vurdere å plassere barn midt ute i minefelt også."
Kjelder:

http://www.nrk.no/nyheter/innenriks/5573054.html

Attende til framsida