Attende til framsida
Forsvaret - I det minste sjølvironiske
av Leif Tore Rusten
Forsvaret - I det minste sjølvironiske- "Ja, så var det tid for å lage nye reklamer til diverse nettsider att."

- "Reklamebanner til forsvaret? Kva linje legg dei seg på i år, då? Fart og spenning? Utdanning? Utfordring i kvardagen? Eit slags finn-deg-sjølv-konsept kanskje?"

- "Nei, i skrivet her så står det noko om at vi skal flette inn ei svært lite politisk korrekt allmenn sannheit og få det til å framstå som hip ironi."

- "Er vi magikarar også, no?"

- "Ja, dei må tru noko slikt."

- "Kva med: 'Vår eneste teoretiske hensikt er å lære deg hvordan psykopater oppfører seg. Vår eneste praktiske effekt er å regelmessig ta livet av våre egne unge menn. So what?' "

- "Nja, fin schwung, men det står her at dei vil ha fokus på at berre menn har verneplikt."

- "Ja, det er vel grenser for kor politisk ukorrekt ironi dei vil fronte."

- "Eg har ein. 'Vi brøler bare i trynet til menn, for nærkontakt med kvinner som vi ikke kan betale skremmer oss.' "

- "Nja, kva med: 'Om du allerede vet at du ikke er en mann trenger du ikke oss til å brøle det i øret ditt.' "

- "Vert litt mykje brøling og lite hip-faktor på oss. Vi må late som om vi snakkar ei obskur oslodialekt."

- "Poeng. Hm. Denne sit langt inne, men.. 'Walla jenter! ække bare lesber som drar på sesjon, prøv det du å! "

- "Neineinei. Dette går ikkje i det heile. Alt for plump."

- "Ja, ok. 'Jenter føder barn, og gutter drar i militæret, lissom.' "

- "JA! Der har vi den! Fantastisk den "lissom" der. Akkurat nok til å gje heile setninga ein ufarleggjerande ironisk og samfunnsspeglande effekt. Som om det var alle dei apatiske norske ungdommane som svara i kor på oppfordring om å seie noko om militæret."

- "Ikkje for flåsete alså? Vi burde kanskje leggje til "Tenk større", ellers kjem jo alle dei ungdommande du nemnde til å berre sitje og nikke når dei ser reklamebanneret. Dei kan jo ikkje vite at vi ikkje faktisk meiner det. Eg trur ikkje "lissom" har setningsendrande effekt for dei fleste under 20 år i Noreg, sjølv ikkje på trykk."

- "Ja, godt poeng."

- "Vi må ha litt meir. Lat oss flette inn noko som burde provosere gutane også. 'Tenk større' er hovudbodskapet. Kjem vi unna med: 'I forsvaret har du ingen ekstraliv, Playstation er kjedelig. - Tenk større.'? "

- "Nja, lat oss dempe den litt. Kanskje vi vert saksøkt for å fronte Playstation som noko kjedeleg. Kan vi gøyme poenget om at den er kjedeleg i ironi?"

- "Ah, ja: 'Playstation, det kicker lissom'. "

- "Perfekt."

- "Denne kjem dei til å like."
Kjelder:

http://annonser.dagbladet.no/eas?cu=1;cre=mu [Red. anm: Lenke fjerna då den viste seg å ikkje vere eintydig.]

Attende til framsida