Attende til framsida
Advarar mot heksejakt
av Leif Tore Rusten
Advarar mot heksejaktMusikkbransjen er no dritlei av at der finnast personar som framleis ikkje gir dei pengar på ein dagleg basis. Rundt rekna 4,5 millionar nordmenn fell inn under denne kategorien.

"Vi arbeidar flittig for å lobbyere fram ei lov i Noreg som skal gjere det ulovleg å ikkje gi oss pengar på ein dagleg basis," seier ein representant for IFPI. "Medan vi ventar vil vi sjølvsagt ta lova i eigne hender og nytte litt uortodokse metodar for å få det slik vi ynskjer. Eg vil ikkje gå så djupt inn på det, men torpedoar og kamphundar har vorte nemnde under styremøter."

"Men er det ikkje litt arrogant av dykk å hevde at problemet dykkar ligg i piratkopiering mellom privatpersonar då det er profesjonelle piratar som er dykkar reelle konkurrentar? Og når de ikkje er villige til å tilpasse dykk til ynskjene og behova hjå kundane dykkar om musikkjøp over internett i eit ope format, kvifor skulle dykkar bedrift og praksis ha retten til å leve vidare, for ikkje seie sikre dykkar leverett i lovverket?"

"Høyr her. Kva folket vil i eit folkestyre må sjølvsagt vike plass for våre interesser - alt anna skulle jo berre mangle. Om ikkje vi var her for å gi artistane god pr, pushe, eller prakke dei på fjortisjentene og ellers skape god omtale, ville vi ikkje ha tent så grovt som vi gjer. Om vi hadde forsvunne, kven skulle då ha fostra fram blåkopi på blåkopi for så å gjere seg rik på det? Nemleg, ingen."

"Hadde det vore så frykteleg dumt i grunn?"

"No må du ikkje vere egoistisk og berre tenkje på ditt eige beste. Vi i musikkindustrien, eller som vi frå no av skal kallast ved lov, Musikkindustrien med stor M, har sjølvsagt rom for andre artistar enn dei vi masseproduserar sjølv, problemet er berre at desse har på eit forunderleg vis skaffa seg noko vi innad likar å kalle ein 'fanskare'. Slike vil kjøpe musikken deira okke som. Difor bryr vi oss ikkje med å gi dei noko publisitet. Likevel er dei avhengige av oss i og med at dei treng nokon til å selgje musikken deira. Forhåpentlegvis vil det ikkje kome noko slags 'verdsmedium', eit slags nettverk av musikkspelarar, som i framtida kan gjer det mogleg for artistane sjølve å distribuere og selgje. Då ville i alle fall vi ikkje ha noko grunnlag for å eksistere lenger då vi ikkje lenger formidlar kultur til folket for berre drit."

"Men i so tilfelle kan vi vel rekne med at De, med stor D, vil gjere alt De kan, både med skitne juridisk og økonomiske knep, for å hindre at noko slikt vil kunne skje får vi håpe?"

"Ja. Det kan du banne på."
Kjelder:

http://www.nrk.no/kanal/nrk_p3/5690282.html

Attende til framsida