Attende til framsida
Dårlegare service hjå Lidl
av Geir Ola Brandal
Dårlegare service hjå Lidl- "Vi vart reint forskrekka"
Familien Thue vert stille ei lita stund og ser ut vindauget.

-"Vi har jo vorte ganske van med å få slike små overraskingar frå Lidl, ein leikebil her, eit dokkehus her. Ja, ein kan nesten seie at det å ete brød til frukost har vorte ein viktig del av kvardagen vår."
Dei går inn på kjøkenet og kjem ut att med noko i hendene.

-"Men dette verker jo nesten mot si hensikt."

Familien Thue har nemmeleg lenge hatt glede av små presangar innebakt i brøda dei har kjøpt på Lidl på Nordfjordeid. Artige små fossil, leikety eller smykker har vore verdsette delar av det fyrste måltidet kvar morgon hjå familien, og ingen ting er meir spennande enn når mor står klar med kniven og brødfjøla.

Denne morgonen var det likevel ikkje ei hyggeleg overrasking som venta Familien Thue, men ei uhyggeleg påminning om realitetane i daglegvarebransjen. Denne morgonen var det nemleg ein penn i frokostbrødet.

-"Ein penn er jo i og for seg ein praktisk ting ein kan ha nytte av. Ingen av oss vil på nokon måte ytre nedlatande haldningar mot pennar generelt. Sjølv ikkje kulepennar. Men det var berre at ein så tydeleg kunne sjå at denne pennen var billeg."

Ja, det er ikkje oppspinn. Lidl på Nordfjordeid hadde selt Familien Thue eit brød som hadde ein innebakt billeg kulepenn. Ikkje ei artig leike til veslemann Thue. Ikkje eit pent smykke til Mor Thue. Ei heller meir skråtobakk eller nye tippekupongar til Far Thue. Berre ein billeg kulepenn.

-"Det er som om dei ikkje bryr seg om oss meir. At vi ikkje er verd noko lengre. Vi som har vore trufaste kundar heilt sidan dei etablerte seg, sjølv om vi må køyre i to timar for å handle hjå dei. For kva? Ein billeg kulepenn? Nei, vi veit ikkje heilt. Vi trur vi må leggje oss litt nedpå."

Familien Thue forlet romet. Vi pakkar saman tinga våra og lukkar døra før vi går.
Kjelder:

http://synste.no/index.php?option=com_content&task=view&id=209&Itemid=1&PHPSESSID=9b469a7441a562d78ca01fc6bc59ace0

Attende til framsida