Attende til framsida
Anklager oljeselskap
av Leif Tore Rusten
Anklager oljeselskapDiverse rettigheitsforkjemparar som SAAB, General Motors og FBI på NRK, har gått saman om å sverte oljeselskapa i eit forsøk på å fremje den underlegne teknologien bioetanol. Gruppa meinar at oljeselskapa har vore nølande og lite villig til å kvitte seg med 85% av inntektene sine for å fremje miljøvenleg, pysete og pervers teknologi som 85 bioetanol er å rekne som.

— Vi gjer dette for å redde det lisje mannlege, maskuline, røffe som er att av gleda ved å køyre bil, seier ein generalprosesjonssekretær frå oljeselskapa.
— Etter at bilindustrien fekk SMS, GPS og bremsekloss har moroa ved å køyre bil og det å tanke våre 100%-våre-produkt forsvinne delvis. Denne utviklinga vil vi gjere alt vi kan for å snu, men for å ikkje vere heilt arrogante vil vi kome med eit forslag.

Eit forslag
— Om det er interesse for det kan vi godta at regjeringa fjernar bensinavgifta som gir pengar i statskassa til udugelege formål som skule og helse. Dette forslaget om fjerninga av bensinavgift på vår blanding av 95%-våre-produkt-som-vi-tener-pengar-på-og-5%-etanol må de ikkje sjå på som eit forsøk frå vår side til å gjere våre oljeprodukt meir attraktive på nokon måte. Dette er berre ei utstrekt arm til folket — ver venleg å ikkje nekte dykk sjølve denne, folkens.
Kjelder:

http://www.nrk.no/programmer/tv/fbi/5767121.html

Attende til framsida