Attende til framsida
Ny politisk modell
av Leif Tore Rusten
Ny politisk modellEin mann i 24-åra har funne opp ein ny politisk modell. Denne baserer seg hovudsakleg på slepphendte jobbkameratar med svake sikkerheitsrutiner.

Ideen går ut på det faktum at alle har stor tiltru til at ingen vil prøve lese dagboka di om du let den ligge under eit blinkande neonskilt forma som ei pil med teksta hemlegheitar i raud skrift. Og nykkelen liggande ved sidan av, sjølvsagt.

Kort oppsummert:
1. Lag kontoar med openbare passord.
2. Ha generelt ein dårleg sikkerheitspraksis.
3. Vent til valdagen nærmar seg til å gjere saka om til eit mediesirkus utan like.
4. ???
5. Politikk.

Framtidige rapportar indikerar at verdsfred er rett rundt hjørnet. Følg med.
Kjelder:

http://www.nrk.no/nyheter/utenriks/1.943136

http://www.gp.se/gp/jsp/Crosslink.jsp?d=164&a=294771

Attende til framsida