Attende til framsida
Norske barnesoldatar i intensiv trening
av Leif Tore Rusten
Norske barnesoldatar i intensiv treningDet er ei kjensgjerning at Noreg har militære spesialstyrkar, og aldri før har etterspurnaden av dei vore så høg frå NATO — og dette likar Noreg veldig godt sjølvsagt, sidan det gjer oss ettertrakta og styrkar vårt ego. Det er berre eitt problem: Noreg har gått tom for spesialstyrkar.

I løpet av mange tiår med påverkning frå utanriks har vi sendt bataljon etter bataljon med telemarksbataljonar og skau etter skau med guttar på skauar. Som dei fleste andre festar måtte det ta slutt ein gong, men til tross for at vi ikkje har fleire å sende har faktisk Noreg sin utanriksminister, Judas, store planar om å etterkome krava frå NATO. Dette har han tenkt å gjere ved å innkassere tenester frå andre departement. Blant anna kan vi nemne avtalen med kunnskapsminister Øystein Djupedal der ein flittig tek i bruk barne- og ungdomsskuleelevar på ein konstruktiv og oppfinnsom måte. Vi besøkte ei av ungdomsskulane som er med i prøveprosjektet, nemleg Åheim ungdomsskule.

Det første som møtar oss på Åheim skule er ein bom og to skuleelevar. Desse to kan fortelje at før dei vart midlertidige MPar var dei ordensvakter i friminutta. — Vi merker i grunnen ikkje så stor forskjell på det. Eller, det vil seie piggtråden var her frå før, så den er ikkje noko problem, medan minene derimot tek det litt tid å venne seg til.

Etter å ha utveksla nokon ord seg i mellom og tatt ein blås bestemmer dei to, litt uvillige, å sleppe oss gjennom sikkerheitsklareringa mot å få våre siste rasjonar Kinder Maxi. Dei er villige til å sleppe oss inn i survival-101-brakka, rett ved den falleferdige basketballbana. Innanfor kjem vi i fare for å forstyrre ei gruppe som får si første briefing i survival and media suppression. Av stikkord som står på tavla kan vi dra den konklusjonen at dei to viktigaste faktorane ute i felten er mattilgong og mediemanipulering. Når det gjelder mat gjeld det visst å ikkje vere kresen, og når det gjeld mediemanipulering så går det på å få kadaver og krigsoffer til å forsvinne sporlaust, for om media ikkje kan sjå grusomheitene, så eksisterar dei allment ikkje. I det undervisningsleiaren instruerar korleis å slå to fluger i ein smekk ser vi vårt snitt til å ta eit bilete. Dette førte til at dei to MPane vart henta for å eskortere oss venleg, men bestemt ut av leiren. Vi måtte også levere frå oss kameraet, som dei to regelrett knuste hånerande framfor oss, men vi fekk heldigvis lurt ut minnekortet først — som å ta godteri frå eit barn.

Om alt går som planlagt skal den første troppa frå Åheim vere klar til oppdrag etter knapt dryge tre veker.
Kjelder:

http://synste.no/index.php?option=com_content&task=view&id=295&Itemid=1

http://www.nrk.no/nyheter/innenriks/1.1304970

Attende til framsida