Attende til framsida
Spekulativ reklameverksemd hjå Nystøl Trevare
av Geir Ola Brandal
Spekulativ reklameverksemd hjå Nystøl TrevareDet lokale tabloidmediet i Vanylven Kommune, avisa Synste Møre, kan vitne om stadig meir agressiv reklameverksemd mellom dei ulike aktørane innen trevare i Vanylven.

Eit ekstremt eksempel på dette er det seinaste påfunnet til Nystøl Trevare. Ved å sperre av vegen ovanfor lokalet deira auka dei omsetninga si med oppmot 400% [spekulasjonar, red. anm.], i tillegg til merksemd og gratis PR i publikasjonar som nemnde Synste Møre og Brunehuset.org.

Så lyt vi berre vente og sjå kva det neste vert. Før den tid kan ein berre setje fantasien i sving. Kan dei finne på å setje opp ein 5 meter høg samansveisa koloss av stål, mala i grelle fargar, sentralt plassert i eit av lokalsamfunna i Vanylven? Små, pussige oppheng i kvar enkelt lyktestolpe i kommunen? Tilfeldig legging av asfalt i anledning avtalte besøk av avdanka norske kjendisar? Usannsyneleg, kanskje, men tida vil vise.
Kjelder:

http://www.synste.no/Ny2005/42-ras.html

Attende til framsida