Attende til framsida
Msnsensur
av Leif Tore Rusten
Det populære prateprogrammet msn frå Microsoft har i stor grad tatt over som standard for instant messaging på internett. Det er derfor svært betenkeleg at det i seinare tid har vist seg at Microsoft på servernivå utsett oss for sensur. Blant anna meldingar som inneheld ``download.php'' eller ``.src'' fører augeblikkeleg til at prateinstansen vert lukka.
Tidlegare har det vore eit poeng at somme filer som vert overført gjennom msnklienten til Microsoft automagisk vert sletta om programmet finn det ``farleg''. Dette har ein kunne unngått med å bruke ein alternativ klient. Dette fungerte altså på klientnivå. Med denne nye sensuren derimot føregår det på servernivå og den vil då ikkje kunne ungåast.
Om denne tendensen fortsett vil det vere uvisst å vite kor stor inflytelse Store Selskap© vil få på våre yttringar.
Ein kan kanskje spørje seg sjølv om ein verkeleg ynskjer å godta dette, eller om det kanskje er på høg tid å finne alternativ, som f.eks. irc.
Kjelder:

http://amsn.sourceforge.net/modules.php?name=News&file=article&sid=30

Attende til framsida